Minnie Mus skiftar klede – det har gjort fansen sint

For aller første gong har Minnie Mus skifta frå kjole til buksedrakt. Nettopp det er det ikkje alle som er like glad for.

Då Disneyland Paris informerte om at bekledningen til Minnie Mus var blitt oppgradert i forbindelse med 30 års-jubileet deira, vakna fansen.

Det nye antrekket, som er ein blå buksedress frå designaren Stella McCartney, har nemleg vekt sterke reaksjonar på internett, skriv TV 2.

Kvifor er antrekket blått?

Slik er me vant til å sjå Minnie Mus. GIF: Giphy.com

Under denne Twitter-meldinga til Disneyland Paris, har fleire tusen lagt att kommentaren sin. Fleire tykkjer rett og slett ikkje noko særleg om klesbyttet til den legendariske Disney-karakteren.

Ein brukar reagerer på at buksedressen ser ut som ein pysjamas, medan ein annan skriv at det nye antrekket ikkje ser bra ut.

Felles for fleire av dei som kommenterer, er at dei ikkje er særleg imponert over blåfargen.

Dei hadde heller sett at designaren kunne beheldt den raude og kvite fargen, som Minnie alltid har hatt på kjolen sin.

– Eit symbol på framgang for ein ny generasjon

Designaren bak antrekket, Stella McCartney, forsvarar både fargen og antrekket.

– Dette nye grepet på dei tradisjonsrike polkadottane på kjolen til Minnie Mus, gjer ho til eit symbol på framgang for ein ny generasjon, seier ho i ei pressemelding som er publisert på nettsida til Disneyland Paris.