Fem imponerande folk med Downs syndrom

21. mars er verdsdagen for Downs syndrom. Mange markerer han ved å ta på seg forskjellige sokkar. Kjenner du desse fem stjernene med Downs?

21. mars feirar me verdsdagen for Downs syndrom. Mange vel å bruka ulike sokkar for å visa støtta si til dei som lever med Downs.

Kvart år blir mellom 70 og 80 barn fødde med Downs syndrom i Noreg.

Downs syndrom er ein medfødd tilstand. Den vanlegaste årsaka er at barnet er fødd med 47 kromosom heller enn 46, ifølgje FHI.

Meistra sju instrument

Sujeet Desai er ein amerikansk musikar som har meistra sju instrument. Desai speler to typar klarinett, saksofon, fiolin, piano, trompet og trommer.

Etter han fullførte utdanninga si jobba han som lærarassistent på ein barneskule der han underviste i musikk. Sidan har han reist rundt heile verda for å framføra musikken sin.

I 2015 framførte Desai på prestisjetunge Carnegie Hall i New York.

I tillegg til musikkarrieren har Sujeet erfaring som idrettsutøvar. Han har svart belte i Tae Kwon Do, har vunne fleire Special Olympics-medaljar i symjing, alpint, langrenn, springing og bowling.

Desai bruker mykje tid på å løfta opp personar med Downs og har blitt ei tydeleg stemme i kampen om likestilling for personar med Downs. I kvardagen speler han musikken sin på eldreheimar, sjukehus og i lokale kyrkjer for å spreia glede til dei som treng det.

OL-gull og modellkarriere

Den amerikanske symjaren Chelsea Werner kunne ikkje gå før ho blei to år gammal. I oppveksten vart ho fortald at ho aldri kunne bygga musklane sine.

Werner trassa alle beskjedane og satsa hardt på turn. No har ho teke gull i fire amerikanske meisterskap og to verdsmeisterskap.

I seinare tid har Chelsea begynt å jobba som modell. Ho har vore på framsida av blant anna Dazed Magazine og Teen Vogue, og vore ansiktet til mange reklamekampanjar.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Chelsea Werner (@showtimewerner)

Blei Netflix-stjerne

Lily D Moore er skodespelar, modell og ambassadør for Special Olympics. Allereie som

Lily D Moore i Netflix-serien Never Have I Ever. Foto: Netflix

seksåring visste ho at ho ville bli modell og skodespelar. Det fann ho ut etter å ha teke drama som valfag på skulen. Sidan den gong har ho aldri sett seg tilbake.

I 2020 debuterte ho på Netflix i rolla som Rebecca i serien Never Have I Ever. Moore beskriv opplevinga som utruleg og oppmodar alle som drøymer om å bli skodespelar til å satsa. Kvardagen som skodespelar er likevel ikkje særleg glamorøs.

Moore fortel at å møta mange avslag kan gå utover sjølvtilliten, men draumen om å vera fyrste med Downs til å vinna ein Oscar held ho i gang.

Fekk jobba med forbilda

Norske Sondre Myrseth trefte TV-skjermane i 2021 som Grim Torkild i NRK-serien Førstegangstjenesten.

Myrseth fortel til Menneskeverd at han har drøymt om å vera skodespelar heile livet. Då han var liten likte han å kle seg ut og spela ulike roller, seinare har han engasjert seg i ei teatergruppe og gått på folkehøgskule i Risør.

Sondre sine forbilde er Aksel Hennie og Herman Flesvig. Han fekk jobba med begge i innspelinga av Førstegangstjenesten.

Størst av alt er likevel Terje Formoe, skodespelaren som fyrst hadde rolla Kaptein Sabeltann. Myrseth drøymer om å ein dag ha same rolla i Dyreparken.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Sondre Myrseth (@sondremyrseth)

Verdskjend modell

Madeline Stuart frå Australia er ein av verdas einaste store modellar med Downs syndrom. Som ung sleit ho mykje med sjølvbiletet. I 2015 bestemte ho seg for å gå inn for ein karriere som modell.

Sidan den gong har ho vore avbilda i magasin som Vogue og delteke på motevekene. Stuart har brukt plattforma si til å kjempa for større mangfald i moteverda. Ho har òg starta ein danseskule, delteke i Dei paralympiske leikane som dansar og starta eit eige klesmerke.