Thea og Madeleine har dysleksi: – Anne er lesekompisen vår

Kongen har det. Statsministeren vår har det. Og Thea og Madeleine har det. Vi snakkar om dysleksi. På Bogstad skole har dei Lesekompis som skal gjere lesing til noko hyggeleg.

Dysleksi og Lesekompis

Mellom 5 og 10 prosent av alle i Noreg har lese- og skrivevanskar, kalt dysleksi. Dette er så mykje som opp til tre i kvar klasse. (dysleksinorge.no)

Lesekompis er ein australsk lesemetode.
Det er tre punkt ein må følgje: Vent – hint – ros.

  • Vent: La eleven sjølv merke at han gjer feil.
  • Hint: Ikkje gi svaret. Lesekompisen kan stille spørsmål og gje hint.
  • Ros: Det skal vere utelukkande positivt. Ros alt som er bra.
LES FAKTALUKK FAKTA

Rundt bordet sit Thea og Madeleine saman med Anne. Anne er pensjonist og slutta på skulen for mange år sidan, men no er ho tilbake. Ho er nemleg Lesekompis. To gongar i veka kjem ho for å bli lesen for av Thea og Madeleine.

God stemning med Anne

Vi startar alltid med å snakke saman, seier Thea. Om helga og slike ting før vi les for henne frå boka vår.

Vi kjenner Anne veldig godt, seier Madeleine, som ikkje kan få rost Anne nok for det ho gjer for dei.

Anne si oppgåve er å lytte, og ikkje påpeike feila som eventuelt kan dukke opp. Det er eleven sjølv som skal sjå eller høyre feilen. Anne skal ikkje gi svaret, men heller stille spørsmål om det er noko ho vil påpeike. Men det viktigaste er ros. Mykje ros!

Sandra Nielsen er spesialpedagog.

Skape leseglede

Føremålet med Lesekompis er å fjerne leseangst og skape leselyst og leseglede, seier spesialpedagog Sandra Nielsen som innførte Lesekompis på skulen.

Når vi les for Anne blir vi vant med å lese høgt, og angsten forsvinn, seier Thea.

Når eg les stille for meg sjølv kan eg lett slurve, men når eg les høgt blir eg meir sikker og trygg på at eg får med meg alt, seier Madeleine.

Sandra er sjølv mor til eit skulebarn, og veit kor strevsamt det kan vere å få barna til å lese på eigenhand heime.

Derfor er det så fint å ha Anne her. Ein utanforståande som har tid til å lytte og høyre på eleven.

(Saka held fram etter bilete)

BRUKAR MYKJE TID: Anne og Madeleine brukar mykje tid på å finne passande bøker. Foto: Christian W. Gjerde)

Kva er dysleksi?

Dysleksi er noko ein er fødd med, og det gjer slik at det er ekstra vanskeleg å lese. Nokre ord kan vere vanskeleg å forstå, og enkelte ord klarer ein ikkje skilje frå kvarandre, seier Madeleine.

For meg var det litt som at bokstavane flytta på seg og hoppa rundt, seier Thea og fortel vidare. Eg merka at eg las mykje saktare enn resten av klassa.  Om vi skulle stillelese ein tekst var eg ikkje komen halvvegs før dei andre var ferdige.

Madeleine er einig i det. Eg hadde store vanskar med å lære meg dei ulike bokstavane, hugsar eg. Det var så mykje eg måtte huske.

Kvifor akkurat eg?

Ein gong spurde eg mamma om kvifor det var akkurat eg som blei dyslektisk, seier Thea. Kvifor akkurat eg, og ikkje ein på andre sida av jorda?

Anne kikar på Thea. Det vart deg, og ein annan på andre sida av jorda. Og mange, mange fleire.

Anne hadde sjølv problem med lesinga då ho var elev på barneskulen, men fekk inga diagnose, og fortel at ho lærte seg teknikkar til å bli  flinkare. Akkurat som dei trenar på.

Når eg les mykje og repeterar sit orda betre, seier Madeleine.

Anne har merka stor forskjell på dei to jentene. De har utvikla dykk mykje, og blitt flinke lesarar.

Thea og Madeleine synest at Lesekompis har hjelpt dei til å få det mindre skummelt å lese høgt i klassa.


Visste du at både kongen og Noregs mektigaste kvinne har dysleksi? Statsminister Erna Solberg har fortalt at ho sleit med lesinga då ho var yngre.