– Eg trur at denne boka kan bli viktig for nokon

– I utgangspunktet prøver eg berre å skriva bøker som kan underhalda, på den eine eller andre måten. Men av og til blir det likevel noko meir, seier Anders Totland om den siste boka si, Gunnars rekordbok.

Anders Totland skulle eigentleg skriva ei kort biletbok, ei Leseløve. Den skulle vera morosam og litt spennande.

– Eg klarte det nesten. Ikkje før eg gjorde det om til ein roman for barn, og eg fekk utvida historia. Det var først då eg forstod kva historie Gunnar hadde å fortelja oss. Og sjølv om eg var veldig skuffa over at eg ikkje fekk til å skriva det biletbokmanuset eg prøvde på, er eg utruleg glad for det no. For no synest eg at det har blitt den aller finaste boka eg har skrive.

Tårene trilla

Anders Totland er både glad og rørt av å gi ut boka.

– Då eg las den første bokmeldinga, hos Barnebokkritikk, sat eg på ferja mellom Kvinnherad og Stord, og kjende på ei glede og ein lette som eg aldri har kjent så sterkt før. Det rann tårer nedover kinna, og eg blei heilt sett ut. Eg veit ikkje heilt kvifor, men på ein måte kjennest det som om det står meir på spel denne gongen. Boka betyr mykje for meg, og ikkje berre fordi det har tatt fem år å skriva henne.

Mario Kart

Då Anders Totland var yngre, drøymde han om å vinna Bocuse d’Or, som er eit slags VM for kokkar. Men no har han blitt ein godt vaksen mann som har heilt andre mål og draumar.

– Eg trur det viktigaste er å vera snill. Det er generelt ganske undervurdert. Men ein treng liksom ikkje å vera snillast i verda for det. Det held å vera heilt vanleg snill. Men viss eg kunne blitt verdas beste forfattar i Mario Kart, hadde det vore kult.

NY BOK: Anders Totland håpar absolutt alle i heile verda skal lesa Gunnars rekordbok. – Det hadde vore ein fin rekord, seier han. Foto: Privat

Alltid likt å skriva

Anders Totland har alltid likt å skriva.

– Allereie tidleg på barneskulen laga eg min første teikneserie. Den heitte Truls og Tangbrand, men eg trur det er heilt greitt at den har forsvunne frå jordas overflate.

– Kva likte du å lesa då du var barn?

– Eg las mykje teikneseriar. Tintin var ein favoritt. Og eg likte godt Billy. På eitt tidspunkt oppdaga eg bøkene til Roald Dahl, og blei heilt oppslukt av dei. Eg las alt han hadde skrive, og kan framleis kosa meg med å henta fram igjen nesten kva som helst av bøkene hans. Og så las eg Hardy-guttene. Eg kjøpte bøkene på bruktbutikk i Bergen kvar gong me skulle på ferie, og samla opp. Eg trur eg har ein heil meter med Hardy-guttene i hylla på loftet til foreldra mine.

3 kjappe spørsmål til Anders Totland:

– Kan du fullføra setninga? «Det beste med å lesa ei bok er …»

… at du aldri heilt kan vita kva som ventar deg. Eg elskar å bli overraska, difor les eg veldig mykje forskjellig. Gjerne fantasy og eventyr, sjølv om eg skriv meir realistiske bøker sjølv.

– Kva meiner du ei barnebok må innehalda?

– Noko som gjer at du ikkje vil legga boka frå deg. Elles meiner eg at ei god barnebok kan innehalda omtrent kva som helst.

– Kva tre barnebøker vil du tilrå barn å lesa?

– Brødrene Løvehjerte, Tonje Glimmerdal og Brune.