Grunnskulen i Sverige skal bli mobilfri

Regjeringa og Sverigedemokraterna er samde om at grunnskulen skal bli mobilfri. Forbodet skal gjelda alle skular i Sverige frå 1. til 9. trinn.

Reint praktisk skal mobilane samlast inn på morgonen og leverast ut når skuledagen er slutt. Forbodet skal også gjelda i friminutta, melder SVT.

I Noreg har kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun bede Utdanningsdirektoratet utarbeida ei tilråding til norske skular om det same forbodet, skriv NRK.

Bør norsk skule bli mobilfri?

Bør norsk skule bli mobilfri?

God idé! 30
Dårleg idé!168
Eg brukar ikkje mobil.9
Svar totalt: 207