Denne pakistanske provinsen får flest barn på skulen

Den pakistanske provinsen Punjab er best i landet på å få fleire barn på skulen.

Då skulen opna etter koronapandemien i Punjab, fekk foreldra ein sms om at barna deira kunne komma tilbake til skulebenken. I den pakistanske provinsen kan foreldre også få tilskot til privatskule og skulebussar – og skulebøkene har vorte gratis. Det er nokre av dei grepa Punjab, den mest folkerike av dei fire provinsane i Pakistan, har brukt til å få mange millionar barn på skulen, skriv Verdens Beste Nyheter.

Fleire jenter

Særleg jentene har komme til skulebenken. I 1990 var det ca. 5 jenter for kvar ti gutar som gjekk på grunnskulen i landet. Men i 2019 var det 9 jenter for kvar ti gutar. Og utviklinga har gått endå raskare i eldre klassar og på vidaregåande skule.

Det er framleis ein firedel av pakistanske barn og unge som ikkje går på skulen.

Dei fleste kjem ikkje på skulen grunna stor fattigdom, eller fordi dei bur på bygda og har problem med transport til og frå skulen. Mange skular manglar også fungerande toalett, noko som gjer at mange jenter ikkje går på skulen fordi dei ikkje har ein stad dei kan skifte tampongar og bind.