Venezia tar i bruk inngangspengar

Besøkande som ikkje overnattar, må betale.

Millionar av turistar besøker Venezia i Italia kvart år. Frå 25. april må turistar som ikkje overnattar i byen, betale 5 euro. Det er om lag 60 norske kroner.

Målet med inngangspengane, er å verne byen mot masseturisme. Ved å halde dagsturistar unna, håper ordføraren Luigi Brugnaro å gjere byen «mogleg å leve i igjen», ifølge The Guardian.

Men fleire innbyggarar i Venezia er imot inngangspengane. Dei meiner at myndigheitene gjer byen om til ein fornøyelsespark ved at turistar må betale pengar for å komme inn.

Testar inngangspengar fram til 14. juli

Ordninga med inngangspengar skal vare til 14. juli i første omgang for å teste om det er noko som fungerer.

Lokalbefolkninga, dei som pendlar til byen, studentar og barn under 14 år treng ikkje å betale. Det gjer heller ikkje dei som har bestilt overnatting i byen. Viss nokon som er på dagsbesøk, ikkje betaler turistskatten, må dei betale ei bot.