Taylor Swift sette Spotify-rekord

Albumet «The Tortured Poets Department» kom fredag 19. april.

Fredag førre veke gav Taylor Swift ut eit nytt album. Det førte til to nye Spotify-rekordar.

Ifølge Spotify er albumet til Taylor Swift det mest strøymde albumet på ein dag nokosinne. Taylor Swift blei også den mest strøymde artisten på ein dag.