Me kjøper dobbelt så mykje klede som på 1990-talet

Moteindustrien fører til bruk og kast og mykje tekstilavfall. 97 prosent av bruktkleda våre blir eksporterte til andre land.

Klesbransjen lagar altfor mykje klede, i altfor dårleg kvalitet, ifølgje Fremtiden i våre hender.

Produksjon av tekstil og sko står for 8 % av dei globale klimagassutsleppa. Klesindustrien brukar svært mykje vatn og kjemikaliar. I tillegg blir jordsmonn og vasskjelder forrureina, og dei levande organismane i naturen blir påverka. 20-35 % av mikroplasten i havet kjem frå plagg som inneheld plast.