New Zealand vil forby mobiltelefon på skulen

Regjeringa i New Zealand seier nei til mobiltelefonar på skulen.

Cristopher Luxon vart nyleg teke i eid som New Zealands nye statsminister. I valkampen lova han at han ville forby mobiltelefonar på skulen i løpet av sine første hundre dagar på jobben, skriv NRK.

Grunnen til at statsministeren si nye regjering vil forby mobiltelefonar, er at testar viser at fleire barn enn før strevar med lesing og skriving.

Synest du norske skular bør forby mobil?

Synest du norske skular bør forby mobil?

Ja!13
Nei!54
Veit ikkje.2
Svar totalt: 69