Er du for eller mot å bruka pengar i spel?

Elevar frå Tjødnalio skule har vore juniorjournlaistar. Her er Isak og Leander sin tekst.

Mange born bruker mykje pengar på spel på nettet. Er det lurt? Me har intervjua Odin (11) om kva han synest om å bruka pengar i spel.

Me møter Odin heime hos han, der han spelar Fortnite.

– Eg speler ganske mykje Fortnite, seier Odin.

To gamemodes

Fortnite er eit PVP-spel der du kan velja mellom 2 gamemodes du kan spela.

Første gamemode er at du først hoppar ut av ein buss over ei heil øy. Du prøver å vera den siste som overlever mot 99 andre. Du kan spela solo, duo eller squad. Det kjem ein sterk storm som vert mindre dess lengre du lever.

Den andre gamemoden heiter Save The World og den kostar pengar. Der skal du slåss mot mange zombiar og du skal prøve å redde verden mot stormen og zombiar.

Angrar litt på pengebruken

– Eg får berre lov til å spela 3 timar om dagen, smiler Odin, medan han slåst med ein anna person på Fortnite.

– Ja, eg har brukt pengar i spel, og over 5000 kroner på Fortnite, seier Odin.

– Eg angrar ganske mykje på at eg har brukt pengar i Fortnite.

– Eg er for å bruka pengar i spel, seier Odin.

I Fortnite kan ein kjøpa V-Bucks og kjøpa Save The World. Med V-Bucks så kan du kjøpa skins, picaxer og gilders, men du blir ikkje noe betre. Epic Games, dei som laga Fortnite, tener mange millionar i månaden.

Fortnite Game PS4 (Illustrasjon: Produsenten)