Europas første TikTok-hus i England

Nokre av Englands mest populære ungdomar på TikTok har flytta saman.

Ungdommane Lily, Katie, Monty, Seb, SurfaceLdn og Shauni flytta saman like før koronatiltaka kom til England, skriv VG.

Huset er i London, men heilt eksakt kor det ligg er hemmeleg.

I huset lagar dei innhald til sine personlege kontoar og til huset sin konto: @bytehouse.

I tillegg til å lage underhaldning jobbar dei også med engelske helsemyndigheiter for å gi informasjon om psykisk helse til ungdomar.