Her regnar det jern

Forskarar har funne ein ny eksoplanet. Det er ein planet som ikkje går i bane rundt sola. På denne planeten regnar det jern.

Den kjempestore planeten roterer ikkje slik som jorda gjer, men viser same side mot sola heile tida. Derfor vert den sida utruleg varm.

Temperaturen kan stige til over 2500 grader, og det er varmt nok til at metall fordampar. Sterk vind fører så jerndampen til den kalde sida av planeten, der dei konsenserer seg saman og dett ned som jerndropar.