Jenny Fender er ei barnebokheltinne som vert forelska i nabojenta

Forfattar Heidi Marie Vestrheim vil visa at det finst mange måtar å vere menneske på.

– Eg syns også det er fint å vise at det finst mange måtar å vere menneske på, kven ein blir forelska i og at ein kan godt ta litt plass her i livet og ha store draumar og pågangsmot.

Det skriv Heidi Marie Vestrheim i ein e-post til Framtida.no.

46-åringen frå Øystese er frilansmusikar, programleiar i barne-tv og debuterte i år som barnebokforfattar.

Mindre skam, meir lidenskap

Jenny Fender handlar om ei ung jente som er åleine heime i bygda medan venninna er på ferie. Sommaren ser mørk ut, men så kjem det ein spanande nabo med rockesveis og trommesett i kjellaren.

Med boka vil forfattaren vise kjærleiken og lidenskapen til musikken, kor fint vennskap er, kor fint det er å spele i band, men også så skjørt det kan vere.

– Og midt i det kan ein til og med vere ganske kjip med venen sin utan at det betyr at livet er over og ein berre kan gå å legge seg. Og skamme seg. Ja til mindre skam og meir lidenskap!



Elskar Tonje Glimmerdal

Heidi Marie Vestrheim meiner ei god bok er ei der ein blir engasjert og glad i hovudpersonen, heier på hen og alt det hen går gjennom, pønskar på, vil oppnå eller prøver å unngå.

– Eg likar at det er tempo og humor, overraskingar og godt munnleg språk. Også er det godt å lese historier som gjer at du gløymer din eigen for ei stund. At alt du vil er å søkke inn i den verda du har mellom dei to permane i hendene dine. Det er magisk.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Tonje Glimmerdal. Den syns eg er både kompleks og lett og morosam og rørande og alt det fine på ein gang.

Tonje Glimmerdal av Maria Parr har vorte ein stor barneboksuksess. Illustrasjon: Samlaget

Jenny Fender på film

– Om Jenny Fender vart filmatisert – kven skulle du sett spelte hovudrolla?

– Å, skitt det var vanskeleg spørsmål! Kanskje den 12 år gamle versjonen av ei breibeint Juliette Lewis eller Kristin Stewart med digert glis!

Heidi Marie Vestrheim ser føre seg at ei ung Kirsten Stewart (t.v.) eller Juliette Lewis kunne gestalta jenny Fender godt. Foto: John Bauld og Rama, Wikimedia Commons