10 000 elevar kåra skummel barnebok til årets beste

Grøssaren «Udyr» får ARKs barnebokpris.

– Eg føler meg heldig! Både for å vinna denne prisen, og for at så mange barn har lese og likt «Udyr».

Det skriv forfattar Ingvild Bjerkeland i eit intervju med bokhandelen ARK.

Torsdag fekk ho ARKs barnebokpris for grøssarboka «Udyr».

Abdi og Alva

Boka handlar om Abdi (13) og veslesystera Alva som må rømma gjennom skogen fordi samfunnet har brote saman. Ukjente udyr har teke livet av mora deira og mange andre. Straumen har gått, bilane står og alle menneska som framleis lever gøymer seg for udyra og kvarandre.

10 000 femte-, sjette- og sjuandeklassingar frå heile har lese dei fem nominerte bøkene:

  • Udyr av Ingvild Bjerkeland – Cappelen Damm
  • Historia om Erling Braut Haaland av Ørjan Zazzera Johansen, illustrert av Thomas Kirkeberg Samlaget.
  • Edelmot av Victor Sotberg, illustrert av Odin Helgheim – Egmont
  • Øya som glitrer i sølv av Helene Flood – Aschehoug
  • Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim – Gyldendal

Rosalind hjelpte mamma

Forfattar Ingvild Bjerkeland fekk hjelp av dottera Rosalind, som då var 11 år, til å lesa boka.

– Ho var veldig ærleg på kva ho likte og ikkje likte, og med hennar hjelp fekk eg luka ut keisame parti, eller om det var noko som var vanskeleg å forstå, så fekk eg retta opp i det. Utruleg nyttig å ha ein slik lesar!

Forfattaren meiner vaksne har så lett for å undervurdera barn, tenkja at dei berre er interessert i lett underhaldning.

– Eller så er vi opptatt av å skjerma dei frå alt som er vondt og vanskeleg. Men barn er òg oppteken av det som skjer i verda, og dei vil gjerne veta meir og diskutera desse tinga, meiner forfattaren.