Støv frå Sahara farga Athen oransje

Støvskyer frå ørkenen samla seg over hovudstaden i Hellas på tysdag.

Kvart år slepp Sahara mellom 60 og 200 millionar tonn av støv. Mesteparten av støvet fell ned igjen på jorda, men noko av det samlar seg i skyer og reiser langt.

På tysdag blei den greske hovudstaden farga oransje av støvskyer frå Sahara. Luftkvaliteten blei dårleg og kjente landemerke som Akropolis var ikkje lenger synleg på grunn av alt støvet, skriv BBC.

Støvskyene er venta å forsvinne i løpet av onsdagen.