Kunstig intelligens, ofte kalla KI, er teknologi som kan svara på spørsmål, laga tekst, finna informasjon eller laga bilete og videoar. Mange bruker KI på skulen, heime eller på jobb. Fleire bruker det også for å få hjelp til idear eller forklaringar.
Heile 56 prosent av befolkninga har brukt kunstig intelligens dei siste tre månadene.
– Eg er ikkje overraska i det heile. Nordmenn er vante til å bruka digitale løysingar. Dette er nok ei digital løysing, og det er veldig trendy.
– Me har jo fått beskjed om at me er tjukke i hovudet om me ikkje bruker KI, seier Inga Strümke til NRK. Ho er kunstig intelligens-forskar ved NTNU og forfattar av boka «Maskiner som tenkjer».
- LES MEIR: Kva er eigentleg kunstig intelligens?
Sluttar å tenkja sjølv
Men ekspertar er bekymra for ta bruk av kunstig intelligens kan vera skadeleg, og at det kan gjera at ein sluttar å tenkja sjølv.
– No er det mange studiar som tyder på at særleg privat KI-bruk fort kan bli skadeleg. Til dømes viser forsking at det veldig ofte fører til kognitiv avlasting. Altså at ein blir vant til å sleppa å tenkja sjølv, seier Strümke.






















