Bokbada forfattaren bak bøkene om «Familien Gnork»

Dagen etter sjetteklassingane på Leirvik skule hadde kurs i bokbading, fekk dei testa dei nye kunnskapane sine på verdas største nynorske barnebokfestival, Falturiltu.

Thoralf Fagertun
  • Kjem frå Meløy i Nordland og er født i 1980.
  • Har skrive to bøker, «Familien Gnork» og «Kobbs Hus».
  • Den andre boka om «Familien Gnork» er på veg.
  • Har nett gjeve ut del 1 av lydserien «Gode råd for å redde romvesen».
LES FAKTALUKK FAKTA

I aulaen på Leirvik skule sat tre spente bokbadarar i gule stolar foran resten av sjettetrinn. Ida Bakke Kleppe (11), Sanna Eriksen Tverrborgvik (11) og Oda Spratt Nygård (11) fekk stilla forfattar Thoralf Fagertun spørsmåla som heile trinnet hadde vore med å laga dagen før. 

Forfattaren svara på alle spørsmål han fekk, mellom anna korleis han var som 11-åring. 

– Eg hadde turkist panneband, ein sau som kjæledyr og spela fotball heile tida, svara Fagertun til latter frå salen. 

På spørsmål om han fekk hjelp av nokon til å skriva boka, svara Fagertun at det fekk han.

– Eg hadde det som ei oppgåve på skulen der eg gjekk for å læra meg å skriva bøker. Mange hadde meiningar og råd om korleis eg kunne gå fram.

– Alle som gir ut bøker får også ein redaktør. Det er som ein streng lærar som seier kva som er rett og feil på ein fin måte.

– Kvifor er det viktig for barn å lesa? 

– For å utvikla fantasi og språk, og for å læra korleis andre har det. Det er sunt for alle å lesa, ikkje berre barn. Me må legga bort mobilen!

– Kvifor skriv du om Bodø?

– Eg bur i Bodø. Der er det vanleg at alle folk har rekkehus, stasjonsvogn og hund. Det er litt kjedeleg, så eg tenkte: Kva om nokon heilt andre flytta inn? Eg ville dei skulle ha det mest merkelege namnet eg kunne finna på, så då blei det Gnork.

God stemning under bokbad i aulaen på Leirvik skule sist veke. F. venstre: Bokbadarar Ida Bakke Kleppe, Sanna Eriksen Tverrborgvik og Oda Spratt Nygård. Forfattar Thoralf Fagertun til høgre.

– Kva ville du blitt om du ikkje blei forfattar?

– Fotballproff. Eg prøvde å bli det, men det gjekk dårleg. Kanskje fotballtrenar? Det hadde vore gøy å vore del av Bodø/Glimt-apparatet. 

Triksekonkurranse

Etter bokbadet var det tid for triksekonkurranse, der Jakob Sætre Myklebust sette ein soleklar ny rekord. Thoralf Fagertun var mektig imponert over Jakob, som klarte 430 triks.

– Eg har hatt triksekonkurransar på alle skular eg har reist rundt på dei siste åra. Den gamle rekorden har stått i tre år, og var på 177 triks. Den blei knust her i dag!

Jakob Sætre Myklebust sette soleklar ny rekord i triksing. Forfattar Thoralf Fagertun føl nøye med.

– Korleis synest du det var å bli bokbada av elevane i dag?

– Det var ordentleg koseleg, og temmeleg underhaldande, humrar Fagertun. Eg er imponert over innhald og spørsmål som dei kom med.

Vinnar av triksekonkurransen på Leirvik skule, Jakob Sætre Myklebust, vann ein fotball i premie. Han nytta høve til å få signaturen til den fotballglade forfattaren.

Ida Bakke Kleppe, Sanna Eriksen Tverrborgvik og Oda Spratt Nygård sat i dei tre gule stolane foran og stilte spørsmåla.

– Korleis synest de det gjekk i dag? Dei svarar i kor:

– Det var kjempegøy!

– Har de gjort noko liknande før?

– Nei, me hadde bokbadarkurs med Svein Olav, redaktøren i Framtida Junior. Heile trinnet laga spørsmål, og så plukka me ut dei beste.

– Me synest det var stas å bli spurt om å vera dei som skulle bokbada forfattaren. Oda stilte spørsmål om boka, Sanna bli-kjent-med-spørsmål, Ida spurde om fun facts, fortel dei tre.

– Er det noko de ville gjort igjen?

– Absolutt! Definitivt! Det var dritgøy!

– Var det noko de synest var ekstra spanande eller kjekt i dag?

– Det var litt flautt å spørja om kor mange kjærestar han har hatt, seier Ida.

– Det var ikkje du som hadde laga det spørsmålet?

(kviskrar) – Jo, det var faktisk det!