Når foreldra må hjelpa til for at laget skal spela

Når du går på fotball eller ein annan fritidsaktivitet, kan foreldra dine måtte hjelpa til med dugnad. Det kan vera ein fin måte å bli kjend med andre på, men for nokre foreldre er det ikkje så lett.

På mange fotballkampar og andre aktivitetar på fritida hjelper foreldre til med å selja lodd, stå i kiosken, trena laget eller planleggja aktivitetar. Dugnad betyr at folk jobbar gratis for å hjelpa kvarandre.

For foreldre som har flytta til Noreg frå andre land, kan det vera uvant å måtte hjelpa til med aktivitetane til barna. Forskarar har snakka med 16 slike foreldre frå åtte land. Ingen av dei var vane med at foreldre måtte hjelpa til med å driva fritidsaktivitetane til barna.

– Måten me gjer det på i Noreg, er uvant for mange, seier forskar Benedicte Nessa til Ung.Forskning.no.

Ein av foreldra fortalde at det var vanskeleg å forstå kva kundane i kiosken sa. Ho slutta å stilla opp. Ein far fortalde at dugnaden hjelpte han med å bli kjend med andre foreldre.

Det kan vera vanskeleg for fleire

Språk kan gjera nokre dugnadsoppgåver vanskelege. Men det kan òg vera vanskeleg for foreldre som jobbar til ulike tider, har lite pengar eller ikkje har bil.

Forskarane meiner at idrettslaga òg må tilpassa seg og finna oppgåver som fleire foreldre klarer. Viss krava blir for store, kan det bli vanskelegare for barn å vera med på fritidsaktivitetar.

Hjelper foreldra dine til på fritidsaktivitetane dine?

Hjelper foreldra dine til på fritidsaktivitetane dine?

Ja, ofte.0
Ja, av og til.0
Nei.0
Har ingen fritidsaktivitetar.0
Svar totalt: 0