Haaland arrangerer lesekonkurranse for skuleelevar

Fotballstjerna Erling Braut Haaland har sett i gang lesekonkurranse for skuleelevar i heimkommunen Time. Vinnaren av konkurransen får ein tur til Oslo for å sjå landskamp til våren.

Denne månaden arrangerer Manchester City- og landslagsspelaren Erling Braut Haaland lesekonkurranse for elevane ved Frøyland ungdomsskole i Time kommune, skriv utdanningsnytt.no.

Målet med lesekonkurransen er at fleire unge i kommunen Haaland kjem frå, skal kjenne på leseglede.

Haaland snakka til barn og unge i Time kommune gjennom video 9. november. Foto: Eirill Iren Vigrestad Nord-Varhaug / Jærmuseet

– Eg er stolt av å vere med å få ungane i Time til å lese bøker. Eg trur at dei kan finne både ei glede i lesinga og motivasjon i konkurransen som dei kan få bruk for resten av livet, seier Haaland i ein kommentar ifølgje utdanningsnytt.no.

Om og gjere å lese mest mogleg

Konkurransen går ut på at det er om og gjere å lese flest timar i løpet av konkurranseperioden som består av to delar. Den eine delen blir halden no i november, medan den andre delen av konkurransen blir halden i januar.

Når konkurransen er over, vil dei to klassane og dei ti elevane med dei beste resultata vere med i trekninga om å få sjå landslaget og Haaland spele på Ullevål stadion i Oslo til våren.

Frå då Noreg møtte Portugal på Ullevaal stadion tidlegare i haust. Foto: Lise Åserud / NTB

Historisk bokgåve

Det er ikkje berre lesekonkurranse Haaland arrangerer for å fremje leselyst i Time kommune. Tidlegare i år kjøpte han nemleg Noregs dyraste bok i gåve til heimstaden sin.

Boka er ei sjeldan utgåve av Snorre Sturlason sine kongesoger og er frå 1594. 9. november blei boka stilt ut på Time bibliotek. Du kan lese meir om boka HER.

– Eg har aldri vore ein stor lesar, men eg vil at boka alltid skal ligge slått opp, sånn at ein kan lese om dei som kom frå mine stader, frå Bryne og Jæren. Då er det lettare å få lyst til å lesa, når ein kan kjenne seg igjen i dei som vart skrive om, uttala Haaland i ei pressemelding i vår.

Ordføraren i Time kommune, far til Erling Braut Haaland og barn samla rundt boka fotballspelaren har gitt bort til heimkommunen. Foto: Eirill Iren Vigrestad Nord-Varhaug / Jærmuseet