Kan katten merka korleis du har det?

Ein japansk studie har funne ein samanheng mellom humøret til kattar og eigarane deira. Men forskarane kan ikkje slå fast om katten påverkar eigaren, eller om eigaren påverkar katten.

Kva skjer mellom ein katt og mennesket som bur saman med han? Japanske forskarar undersøkte 29 kattar og 19 eigarar. Dei såg mellom anna på humøret deira og tok urinprøver for å måla nivået av hormonet oksytocin.

Oksytocin blir ofte kalla «kjærleikshormonet». Forskarane fann at kattar med høgare nivå av hormonet var mindre stressa og hadde færre negative kjensler overfor eigaren. Dei såg òg teikn på at kattar kunne bli påverka når eigaren var i dårleg humør.

Men studien viser ikkje kven som påverka kven. Det kan òg vera at menneske som har katt, oftare er avslappa frå før.

Kattar les kjensler

Bjarne O. Braastad har forska på kattar i mange år. Han trur kattar kan leggja merke til korleis menneske har det.

– Eg trur kattar kan vera veldig flinke til å lesa kjenslene til menneske. Det er vanskeleg å vita om det å ha katt fører til mindre negative kjensler, eller om menneske som har katt, er meir avslappa frå før, seier han til Ung.Forskning.no.

Braastad peikar på at studien hadde få deltakarar, og at nesten alle eigarane var kvinner. Det gjer det vanskeleg å vita om resultata gjeld for alle katteeigarar.

Kattar er òg ulike. Nokre likar å liggja i fanget og bli klappa, medan andre helst vil ha meir avstand. Korleis katten trivst saman med menneske, kan mellom anna handla om personlegdomen hans og kor mykje kontakt han har hatt med menneske.