Vassmerking
Eit vassmerke er eit merke på ei digital fil som seier noko om opphavet til fila. Det kan til dømes vere ein signatur på eit fotografi som viser kven fotografen er, for å hindre ulovleg kopiering.
Ordet har opphav i papirproduksjon, og vassmerking vert også nytta for å hindre forfalsking av pengesetlar.
Kjelder: Store norske leksikon og Det norske akademis ordbok.
Framtidige versjonar av KI-verktøyet Claude vil produsere tekst med ei skjult merking som viser teksten som KI-generert.
At noko er KI-generert vil seie at det er laga med kunstig intelligens.
Anthropic vil nemleg innføre såkalla vassmerking av KI-generert tekst frå roboten Claude, skriv selskapet på nettsidene sine.
Det gjer dei for å rette seg etter nye EU-reglar som tredde i kraft 2. august, der EU krev at KI-generert innhald skal vere merka. ChatGPT, Copilot og andre KI-robotar har frist til 2. desember med å innføre slik merking.

Vassmerkinga vil ikkje påverke kvaliteten eller innhaldet som Claude leverer, skriv Anthropic. Det vil ikkje vere mogleg for lesarar å merke skilnad på teksten, og ingen skjulte teikn vil dukke opp i teksten. Vassmerket vil heller ikkje innehalde informasjon som fortel noko om kven som har laga teksten med KI, og kan ikkje sporast tilbake til ein bestemt og chat.
Vassmerking av KI-generert tekst kan kome til nytte til dømes i utdanningssystemet. Nokon stiller likevel spørsmål ved kor effektiv vassmerkinga vil vere og kor lett det vil vere å omgå vassmerket ved å redigere teksten i etterkant. Det har også dukka opp verktøy som kan fjerne vassmerket.





















