Når skog blir hoggen ned og borte, blir det kalla avskoging. I Brasil har avskoginga det siste året vore på det lågaste nivået sidan målingane byrja for over 40 år sidan, skriv NRK.
Difor har klimaminister Sigrun Aasland med seg pengar når ho reiser til klimatoppmøtet i Tyrkia.
– Me har med 600 millionar kroner til Brasil, for dei har levert veldig gode resultat på å hindra avskoging i 2025, seier Aasland til NRK.
Får pengar når dei lukkast
Noreg har ei ordning som skal hjelpa Brasil med å ta vare på regnskogen. Når landet klarer å redusera avskoginga, får det pengar frå Noreg.
– Noreg finansierer resultat, og no har me med oss finansiering av dei gode resultata i Brasil, seier Aasland.






















