Vanskeleg å avsløre KI-bilde: – Ver skeptisk

Det blir vanskelegare og vanskelegare å sjå om bilde og videoar som dukkar opp på nett er ekte eller laga med kunstig intelligens (KI). Her deler KI-forskar Petter tips til korleis du kan skilje sant frå usant.

Kunstig intelligens (KI)
  • Kunstig intelligens lar datamaskiner løyse problem utan at menneske har korleis det skal bli gjort.
  • Datamaskinene etterliknar måten menneske lærer og bruker kunnskap på.
  • Generativ kunstig intelligens desse datamaskinene lagar noko nytt, til dømes tekst, lyd, bilde eller video.

Kjelde: Vesle norske leksikon og Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

– KI-bilde og videoar ser meir ekte ut for kvart år som går, skriv Petter Bae Brandtzæg i ein mail til Framtida junior.

Han er KI-forskar ved Universitetet i Oslo og meiner at dette er ei problematisk utvikling.

– Om vi ikkje klarer å skilje ekte frå falskt, kan vi bli lurt til å tru på ting som ikkje har skjedd, stole på falske bilde av folk vi kjenner eller bli redde for ting som ikkje er verkelege.

KI-forskar Petter Bae Brandtzæg. Foto: Jarli og Jordan / Universitetet i Oslo

Korleis skjøne kva som er KI

KI-verktøya har blitt mykje betre dei siste åra. Før kunne KI-bilde ha rare feil som seks fingre på ei hand eller merkelege ansikt i bakgrunnen. No lagar dei mest avanserte verktøya bilde som er så perfekte at ein ikkje kan sjå forskjell mellom ekte bilde og KI-bilde. Petter rår derfor til å vere skeptisk til det ein ser på nett.

– Det viktigaste ein kan gjere er å sjekke kvar bildet kjem frå. Om bildet ikkje kjem frå nokon ein har tillit til, så bør ein vere skeptisk.

KI-tips

Sjølv om det i mange tilfelle kan vere umogleg å sjå om eit bilde er laga med KI, er det framleis nokre feil som kan oppstå og som kan avsløre at det er falskt:

  • Rare formar på hender
  • Feil antal fingre
  • Tenner som ser for perfekte eller merkelege ut
  • Ting i bakgrunnen som smeltar saman
  • Tekst som er uleseleg
  • Auge som ser unaturleg ut
  • Hår som ser for glatt ut
  • Skygger og lys som ikkje stemmer med resten av bildet
Dette er døme på korleis ein kan lage eit bilde med hjelp av KI. Dette bildet er laga i med Google sin KI-teneste Gemini. Skjermdump

For å avsløre om ein video er laga med KI, kan du stille deg desse spørsmåla:

  • Ser bevegelsane i ansiktet rare og unaturlege ut når personen snakkar?
  • Blunkar personen rart eller unaturleg?
  • Høyrest stemma robotaktig ut eller har rar rytme?

Om svaret på desse spørsmåla er «ja» kan det vere grunn til å trur av videoen er laga med KI. 

Dersom du framleis er i tvil om eit bilde eller ein video er laga med KI, kan du stille deg desse spørsmåla:

  • Kven har delt dette og kan eg stole på denne kjelda?
  • Verkar det for rart, for sjokkerande eller for utruleg til å vere sant?
  • Er dette noko fleire seriøse nyheitssider også skriv om?

Prat med ein vaksen

KI-forskar Petter rår til å spørje ein vaksen om hjelp til å sjekke dersom du er usikker på om det du ser er ekte.

Om du faktisk oppdagar eit falskt bilde av deg sjølv eller ein ven på internett har Petter nokre klare råd.

– Ikkje del bildet eller videoen vidare. Ta skjermbilde som bevis og fortel det til ein vaksen med ein gong – foreldre, lærarar eller andre du stolar på.

Ikkje berre negativt

Avslutningsvis peiker Petter på at sjølv om KI-bilde og videoar kan by på utfordringar, er det ikkje berre negative sider ved denne teknologien.

– KI-bilde og -videoar blir ikkje berre laga for å lure nokon, men mange bilde og videoar blir laga for gøy eller som kunst.