Kva er eigentleg kunstig intelligens?

Kvar dag dukkar det opp nye typar kunstig intelligens, men korleis funkar det eigentleg?

For eit par år sidan tenkte dei fleste at kunstig intelligens berre var noko me fann i science fiction-filmar med robotar og utrulege dataprogram. Det endra seg brått då selskapet OpenAI lanserte ChatGPT.

Plutseleg blei KI eit vanleg samtaleemne rundt middagsbordet, omgrepet dukka opp i aviser og lærarar blei bekymra for at elevar ville juksa på prøvar.

Kva er eigentleg KI?

Kunstig intelligens er eit stort tema, enkelt kan me seia at KI er eit dataprogram som er bygd og lært opp til å kunna tenka sjølv.

KI er laga for å fungera litt som ein menneskehjerne, maskinen lærer frå informasjonen som blir gitt til den. Med den informasjonen kan KI læra seg å gjera oppgåver utan at ein må gje den beskjed om det.

Samtalepartnar

KI-ar som ChatGPT, Snapchat sin MyAI og Bing AI blir kalla chatbots. Dei er KI-maskinar som kan etterlikna korleis eit menneskje bruker språk.

Desse maskinane kan gje deg svar på spørsmål. Til dømes kan du be ein chatbot om å laga ein framdriftsplan for korleis du kan læra deg kodespråket JavaScript. Då tek maskinen litt tid til å tenka seg om, før den svarer med ei oversikt over alt du bør setta deg inn i for å meistra kodespråket.

Chatbots kan brukast til å bestilla mat, spela spel, planlegga aktivitetar. Dei er òg nyttige dersom læraren din forklara noko på skulen som du ikkje heilt forstod, du kan be ein KI om å forklara det for deg.

KI som lagar bilete

Ein annan type KI er dei som lagar bilete. Du kan gje desse maskinane ei skildring av biletet du ønskjer, og så lagar den eit bilete for deg.

Desse KI-ane kan til dømes brukast om du vil laga ein illustrasjon og har lyst på eit utgangspunkt som du kan jobba vidare med.