På våren må vi ta omsyn til fuglane

På våren skjer det store forandringar i naturen. Mellom anna er det hekkesesong for fuglane og vi menneske må difor ta ekstra omsyn til dei.

Hekkesesong betyr den perioden på året fuglar byggjer reir, legg egg og tek vare på ungane sine etter at egga er klekte.

Når det er hekkesesong, er fuglane ekstra sårbare. Om dei blir redde i denne perioden kan dei forlate både egg og ungar.

Dette kan føre til at fuglebestanden går ned og det er ekstra alvorleg for fuglar som er utryddingstruga.

Truga sjøfuglar

Langs kysten i Noreg har vi 54 artar sjøfuglar. Av desse artane er 32 artar utryddingstruga.

For å ta best mogleg vare på dei viktige fuglane, er det innført ferselsfordbod somme stader i den norske naturen. At det er innført ferdselsforbod, vil seie at det er visse område ein ikkje skal gå tur i eller vere i.

Til dømes er det nokre øyer og holmer langs kysten som det ikkje er lov å gå i land på frå 15. april til 15. juli.

Du kan sjå kart over område det er ferdselsforbod HER.