Plantar skog med drone

Norske utviklarar har laga ein drone som kan plante tre i område som er vanskeleg å komme til, til dømes på grunn av terrenget eller at dei ligg langt frå veg.

– Å kunne plante effektivt i dei areala vil vere eit stort fortrinn for norsk skogbruk, seier Bjørn Håvard Evjen, administrerande direktør i Norges Skogeierforbund til NRK.

Forskingsdirektør Rasmus Astrup ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) påpeiker at treplanting er hardt arbeid, og at det kan vere vanskeleg å få tak i arbeidskraft.

Dronane kan også skaffe data om enkelttre og helsetilstanden til skogen, som kan hjelpe skogeigarane med å ta betre avgjerder.