Kvifor blir bananar skeive?

Bananar veks først nedover. Likevel peikar dei oppover når dei blir større. Kvifor gjer dei det?

Har du nokon gong tenkt over at bananar nesten aldri er heilt rette? Dei fleste har ein fin boge. Mange trur bananar heng frå tre. Det gjer dei ikkje. Bananar veks på ei kjempeurt som kan bli fleire meter høg.

Fruktene kjem først ut frå toppen av planten og heng ned mot bakken. Dei små bananane peikar altså nedover. Det er fordi blomsterstanden veks nedover. Men etter kvart skjer det noko.

Mest mogleg sol

Alle plantar treng lys for å veksa. Det gjeld bananar òg. Når dei små bananane blir større, byrjar dei sakte å bøya seg oppover mot lyset. Forskarane kallar dette fototropisme, som betyr at ein plante veks i retning av lyset.

Samtidig verkar tyngdekrafta på planten. Det blir kalla gravitropisme. Saman gjer desse to kreftene at bananane får den velkjende bogen.

Ikkje alle blir like skeive

Har du sett heilt rette bananar? Kor mykje ein banan bøyer seg, kjem mellom anna an på korleis han heng, kor mykje lys han får og kva banansort det er. Det finst over tusen banansortar. Nokre blir nesten rette. Andre får ein skikkeleg sving.

Grøne bananar

Dei fleste bananane du finn i butikken, er plukka før dei er modne. Det er fordi dei skal tola ei lang reise med båt frå land der det er varmt.

Viss dei hadde fått modna ferdig på planten, ville mange blitt mjuke og øydelagde før dei kom fram. Derfor blir dei modne først etter at dei er komne til landet der dei skal seljast.

Kjelder: Store norske leksikon, Encyclopaedia Britannica, FNs organisasjon for ernæring og landbruk