
– Vi har ein veldig snill natur i Noreg; her er det meir etande enn ikkje etande, seier Kristin Helene Randulff Nielsen til Framtida Junior.
Kristin er nyttevekstsakkyndig, noko som vil seie at ho er ekspert på ville vekstar i naturen som kan etast.
– Barn er veldig flinke til å sjå detaljar og hugse kjenneteikn på plantar. Med det er dei flinke til å hugse kva som er giftig og kva som kan etast.
Kristin peiker likevel på at det er viktig å ikkje ete noko du ikkje er heilt sikker på kva er. Du må alltid spørje ein vaksen om det du har funne er etande.
Her kjem Kristin med seks tips til etande plantar du kan sanke i naturen no på seinsommaren og hausten:

Kjenneteikn: Blåklokke er ein urt på mellom 10 og 30 centimeter. Urta har rett, smal, grøn stengel. Blada ved botnen av planta er ganske runde, medan dei små blada som veks på stengelen, er smale og avlange. Blomane er blålilla og klokkeforma.
Vekstplassar: Blåklokke veks over heile Noreg. Du kan finne blåklokke i skogen, på berg, mellom steinar på fjellet eller på enger.
Bruk: Både blomen og rota smakar søtt. Du kan til dømes bruke blomen i salatar, som pynt på kaker eller som pynt i saft.

Kjenneteikn: Brennesle, som er ein underart av stornesle, er ein urt. Brennesle har mørkegrøne blad med grove taggar. Stengelen og undersida av blada har brennhår.
Vekstplassar: Brennesle veks over heile landet. Du kan til dømes finne planta i nærleiken av uthus, i grøfter og der det går sau eller geit på beite.
Bruk: Blada på brennesle smakar syrleg og litt bittert. Det er ein veldig næringsrik urt. Du kan bruke blada på pizza, i supper og i gryter. Så lenge brennesle er varmebehandla, vil du ikkje brenne deg, men bruk gjerne oppvaskhanskar når du sankar veksten.

Kjenneteikn: Geitrams har éin lang stengel som kan bli 50-200 centimeter høg. Stengelen har mange grøne blad som er forma som spydspissar. Blomane sit på den øvste delen av stengelen og er mørkerosa.
Vekstplassar: Geitrams veks over nesten heile Noreg. Planta veks gjerne i vegkantar eller på stader der det har vore skogbrann.
Bruk: Blomane på geitrams smakar søtleg og kan brukast i salatar, som pynt på kaker eller dessertar, eller du kan lage saft av dei. Blada kan du tørke og bruke som te.

Kjenneteikn: Burot er mellom 0,5 og 2 meter høg. Stengelen står rett opp og er ofte raudbrun. Blada har spisse småblad og er mørkegrøne på oversida og kvitare på undersida. Burot har klasar med frø i endane på greinene.
Vekstplassar: Burot veks i vegkantar, rundt gjerder og hekkar, gjerne i byar. Planta veks også på dyrka mark og blir då sett på som ugras. Burot veks sjeldan lenger nord enn Troms i Noreg.
Bruk: Smaken på burota kan minne litt om oregano. Denne planta kan ein til dømes hakke opp og bruke i salatar, suppe, pasta eller oppå pizza.

Kjenneteikn: Løvetann har ein hol og ganske tjukk stengel med kvit mjølkesaft inni. Blada veks nedst på stengelen og kan minne om tennene til ei løve. På toppen av stengelen sit det mange gule blomar som saman ser ut som ein stor blome.
Vekstplassar: Løvetann finst over heile landet, men ikkje så ofte på fjellet. Du kan finne løvetann mange ulike stadar i naturen og ved busetnad.
Bruk: Du kan bruke løvetannblad i salatar eller du kan koke dei i supper eller gryter. Stengelen kan du lage til som pasta. Rota kan du koke og bruke på same måte som gulrot.

Kjenneteikn: Bringebær er ein busk som kan bli to meter høg. Greinene har spisse tornar, slik som rosebuskar. Blada er grøne med små, kvite hår på undersida. På seinsommaren og hausten kjem det bringebær. Bringebæra du finn i naturen, er ikkje like store som dei du kjøper i butikken.
Vekstplassar: Det finst bringebærbuskar rundt omkring i heile landet, men sjeldan lenger nord enn Troms. Du kan finne bringebærbuskar i grøftekantar og i skogen.
Bruk: Du har sikkert smakt bringebær og veit at det smakar søtt og godt og er perfekte til å lage saft og syltetøy av. Du kan også bruke blada på bringebærbusken. Dei kan du tørke og bruke som te.
Sanketips
– Unngå å plukke vekstar i område der ein ser at det er forureining, som kloakkutslepp, olje- eller målingssøl, rår Kristin.
Skit som vegstøv og sand kan ein lett få bort ved å legge vekstane i eit kaldt vassbad.
Kristin minner også om at det er viktig å berre plukke det ein faktisk skal bruke, så ein ikkje tek med vekstar heim og berre kastar dei.
– Om du ikkje får brukt det heime, kan det i staden bli ståande i naturen og bli mat til dyr, insekt eller andre folk på tur.
Kjelder: Nyttevekstsakkyndig Kristin Helene Randulff Nielsen, Noregs sopp- og nyttevekstforbund, plantevernleksikonet.no, Store Norske Leksikon og Vesle Norske Leksikon






















