Barn i Akershus skal reparere øydelagd natur

FN har valt åra 2021–2030 til verdas tiår for naturrestaurering.

I Noreg mister vi like mykje natur som to fotballbanar kvar dag. Berre elleve prosent av naturen i Noreg blir rekna som villmark.

Men i tillegg til å ta vare på naturen vi har igjen, er det mogleg å restaurere naturen. Det vil seie å reparere natur som er øydelagt. Det får skuleelevar i Akershus no vere med på, saman med forskarar frå Norsk Institutt for Naturforsking (NINA).

Noko av det elevane skal gjere, er for eksempel å få tilbake blomsterenger og furuskogar som før fanst i nærområdet. Målet er å gi barna kunnskap om korleis naturen fungerer.

– Vi ønska å legge til rette for at barn og unge kan delta i restaurering av natur. Slik får dei moglegheita til å bidra og få verdifull praktisk erfaring med korleis vi saman kan ta vare på naturen for framtidige generasjonar, seier Liv Dervo, oppdragsgivar hos Akershus fylkeskommune, i ein artikkel på Forskning.no.