Panama gir skjelpadder juridiske rettar

Dei trua havskjelpaddene er no beskytta av ei ny lov.

Presidenten i Panama underteikna lova i mars, skriv forskning.no.

Havskjelpaddene har no rett til eit miljø utan forureining. Dei har også rett på eit miljø utan påverking frå menneske som skadar dei. Dette kan for eksempel vere klimaendringar og turisme.

Strendene i Panama er viktige stader å legge egg for skjelpaddeartane lærrygg- og hauknebbskjelpadde. Ei strand kan ha opptil 3 000 skjelpaddereir. Men folk stel egga for å tene pengar.

No håper naturvernarar at den nye lova vil beskytte skjelpaddene.