I USA er det presidentval kvart fjerde år. Midt mellom kvart presidentval blir det halde noko som heiter mellomval.
Under mellomvalet kan amerikanarar stemme på kven som skal sitte i Kongressen. Kongressen er USA si nasjonalforsamling, slik Stortinget er nasjonalforsamlinga i Noreg.
Kongressen består av to delar kalla kammer. Det eine kammeret heiter Representantanes hus, ofte kalla berre Huset, og består av 435 politikarar. Det andre kammeret heiter Senatet og består av 100 senatorar.
Under mellomvala blir alle medlemmane av Huset og omtrent ein tredel av medlemmane av Senatet stemt fram på nytt.
Kva skjedde under årets mellomval?
Då Donald Trump blei valt som president under i presidentvalet i 2024, fekk partiet hans, Republikanarane, fleirtal i Kongressen.
Men etter mellomvalet tysdag 3. november har dette endra seg. No har nemleg Demokratane fått fleirtal i begge kammera i Kongressen.
Demokratane er det andre store partiet i USA og hovudmotstandaren til Republikanarane.
Kva betyr dette for Trump?
Donald Trump skal framleis vere president i to år til, men no har han fått mindre makt.
For å lage nye lovar og budsjett må Trump få støtte både frå Huset og Senatet. Om eitt eller begge kammera seier nei, blir det ikkje nokon ny lov eller budsjett.
Dei to siste åra er det altså Republikanarane som har hatt fleirtal i Kongressen. Republikanarane er som regel einige med Trump og derfor har det vore enkelt for presidenten å bestemme.
No når Demokratane er størst, er det større sjanse for at forslaga til presidenten ikkje vi gå gjennom då det er meir truleg at fleirtalet seier nei.



















