Kristian Bakken (12) kjem frå bygda Skjåk i Innlandet. Her har han vakse opp på gard med gris, sau og kyr – og ikkje minst katt og hund.
På garden er det alltid noko som skjer. Eitt augeblikk steller Kristian med dyra, det neste er han ute for å hente sauar frå fjellet eller hjelper til med å lage mat av råvarer som familien har produsert sjølv.
– Å drive med gardsarbeid er det artigaste eg veit, seier 12-åringen.

Alltid vore engasjert
Interessa for gardsdrift har Kristian hatt så lenge han kan hugse. Allereie som toåring var han oppteken av å gjerde og leika at han laga inngjerdingar. No er han med på å sette opp gjerde som sikrar at sauane er der dei skal.
Då han var sju år byrja Kristian med høner og eggproduksjon. Etter kvart blei det så stor etterspurnad at han fekk venteliste på egga sine.
– Eg kunne ikkje lenger reklamere med at eg hadde egg til sals. No har eg i staden nokre faste kundar.

For eit par år sidan byrja Kristian å dyrke potetar. Dei sel han på Hausttakk, ein lokal haustmarknad i Skjåk.
I fjor gjekk salet så godt at han selde absolutt alle potetene. Ja, til og med dei familien eigentleg skulle ha sjølve.
– Det er artig å produsere mat og samstundes lære korleis ein skaffar pengar. Og det er artig å bestemme over pengane sine sjølv.

Han er også glad i å lage mat av råvarer han har vore med på å produsere. Han har mellom anna laga syltetøy, saft og vore med på å foredle kjøt etter slakting. Å foredle betyr å dele opp, behandle og pakke kjøt.
– Det er fint å ete mat eg har vore med på å lage sjølv. Då veit eg akkurat korleis han er laga.
– Kan lære mykje av dyra
Sjølv om Kristian likar dei aller fleste arbeidsoppgåvene på garden, er det dyra som gjer gardslivet ekstra spennande.
– Eg er glad i gardsdrift aller mest på grunn av dyra, seier han.
Kristian fortel at han sjølv lærer mykje av dei firbeinte og forklarer at sauane ofte gir alt av seg sjølve for å passe på barna sine.
– Mødrene beskyttar lamma og viser dei masse kjærleik.
Kristian si favorittarbeidsoppgåve på garden er faktisk å fôre dyra.
– Då kjem dei bort til meg og eg får kosa og snakka med dei, fortel Kristian.

Kristian gjer gjerne ein innsats for å bli veldig godt kjent med dyra. Mellom anna får nokre av lamma ekstra mykje merksemd. Spesielt dei som er svarte og derfor annleis enn dei andre, kvite lamma.
– Desse lamma kan bli så tamme at dei blir kosete. Eg kan til og med ha dei i band, fortel Kristian.
Men det å vere glad i dyr betyr også at ein kan oppleve sorg. Kristian har mista dyr han har vore svært knytt til, men har lært at dette dessverre er ein del av livet som bonde.
Alltid plass til fleire dyr
Trass i at garden til Kristian og familien er full av dyr, drøymer 12-åringen stadig om enda fleire. Han har ynskt seg sau til gebursdagen sin og fundert på om han skal bruke pengar han har fått i julegåve på ei ku.
No er det rett nok hest som er det neste målet. Nyleg begynte Kristian nemleg på riding. Han synest det er spennande å sjå kor lydige dyr kan bli når han trenar dei på rett måte.
Sjølv om nokre jamaldringar har kommentert at riding er ein aktivitet dei forbind med jenter, har ikkje Kristian late seg stoppe.
– Eg sa til dei at det å like riding er akkurat det same som at nokon likar fotball. Riding er også ein sport. Etter det har eg berre fått respekt, smiler Kristian.

Elles er interessa hans for gard noko han gjerne deler med venner og klassekameratar.
– Eg har hatt klassebesøk på garden to gongar. I fjor hadde eg med meg nesten alle gutane i klassen heim ein dag etter skulen for å plukke potetar. Då blei det vel meir tull enn potetplukking, seier Kristian lurt.
Ein framtidig bonde
Storebroren til Kristian, Simen på 14 år, er odelsgut og står først i køen til å ta over familiegarden. Men det stoppar ikkje Kristian frå å satse på bondeyrket.
Han drøymer om sin eigen gard, helst med kyr og kanskje også grisar.

Kristian har til og med rekna på kor mykje fôr han må produsere dersom han skulle hatt ein gard med 100 kyr. Då fann han ut at det ville krevje svært mykje arbeid.
– Om eg skulle hatt ein gard med 100 kyr, ville eg trengt 1500 rundballar i året. Det blir nok altfor mykje arbeid, når eg ser kor mykje det krevst å lage dei 400 rundballane vi treng her på garden.
Aldri kjedeleg
Uansett kva gard han endar opp med, er Kristian takksam for å ha vakse opp blant traktorar, fjøs og sauebreking.
– På grunn av det kan eg allereie veldig mykje om å drifte ein gard.
For Kristian er det å vere bonde ein viktig jobb.
– Det er viktig at folk er bønder så vi har mat på bordet som er produsert på ein skikkeleg måte.

Men før han skal starte i arbeidslivet, skal Kristian fortsetje å leve livet han likar så godt på familiegarden. Han fortel at det alltid er noko nytt å lære, dyr som treng stell eller eit uventa problem som må løysast. Og det er akkurat slik Kristian vil ha det.
Dersom du lurar på om Kristian nokon gong kjedar seg, har han eit klart svar:
– Eg synest det er ganske vanskeleg å kjede seg, faktisk.






















