Kvifor lever nokre dyr lenge og andre kort?

Ei skilpadde kan leve lenger enn eit menneske. Spissmusa dør etter berre eitt år. Kvifor er det slik?

Vi menneske kan bli ganske gamle, men framleis er det nokre kvalar, skilpasser og eit par papegøyar som slår oss, skriv Ung.forskning.no.

Kvifor har nokre dyr så lange liv, medan andre døyr på kort tid?

Ung.forskning.no har spurt zoolog Petter Bøckman.

Han fortel at store dyr ofte lev lenger enn små dyr. Men det er ikkje alltid slik.

Paddedyr blir ofte eldre enn pattedyr

Pattedyr er dyr som gir mjølk til ungane sine. Dei lev kortare enn dyr som fuglar, padder og skilpadder.

– Blant pattedyra blir spissmusa litt over eit år, ein katt blir gjerne ti–tolv år, medan hesten blir omlag 30. Ein elefant kan bli 70 år, seier Petter.

Men ei lita padde kan gjerne leve like lenge som ein hest sjølv om den er mykje mindre. Og ein papegøye kan faktisk leve lenger enn ein elefant.

– Spørsmålet burde heller vera “kvifor lev pattedyr så kort?”, seier Petter.

Dinosaurtida

For å finne svar på det må vi 200 millionar år tilbake i tid – til dinosaurtida.

Der finn vi pattedyra sine forfedre. Altså dei som skulle bli til kattar, elefantar, aper og oss menneske.

– Kort fortalt kjem pattedyr frå ei gruppe små natt-aktive insekt-etarar, seier Petter.

Dei levde korte, liv med mykje stress. Det var ikkje noko spøk å leve samstundes med dinosaurene.

Fuglar, og amfibiar som for eksempel froskar og salamandarar, stammer ikkje frå dei kjappe små dyra.

– Ei padde kan bli 50 år, seier Petter.

Vi kan på eit vis seier at vi pattedyr har arva ein kjapp motor med litt kort levetid.

Kvifor blir menneske så gamle?

Men – når vi menneske stammar frå dei tidlege pattedyra, kvifor kan vi bli over 100 år?

Forskarane trur at motoren til menneska går litt saktare enn hos andre pattedyr.