Heime etter 28 år

Karl Bushby (57) frå den engelske byen Hull kan endeleg gi mora ein klem, etter å ha gått heile vegen frå Chile til England

Denne artikkelen vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis, Framtida.no.

Bushby starta å gå i 1998, og har med nokre få mellomstopp gått samanhengande gjennom fire kontinent og 30 land, skriv NRK.

Når han no kjem heim igjen til England, får han møte sitt tolv år gamle barnebarn for fyrste gong.

Bushby seier det er rart å kome tilbake til eit samfunn han ikkje kjenner lenger.