Hedvig (9) og Augusta Louise (8) har selt meir enn 600 berenett – pengane går til barna i Ukraina

For to år sidan starta dei to venninnene frå Stavern med sal av t-skjorter, for å samla inn pengar til flyktningleiren i Moria. No har dei gått frå t-skjorter til berenett, og målet er å samla inn ein god sum til barna i Ukraina.

0
Hedvig (9) og Augusta Louise (8) har selt meir enn 600 berenett. Pengane dei får inn, skal dei donera til Redd Barna. Alle foto: Privat
Målet er å selja 1000 berenett.

– Det er veldig fint å vera ein del av dette, og så syns me det er bra å hjelpa, seier Augusta Louise (8), medan Hedvig (9) nikkar einig.

Nyheitene om at det er krig i Ukraina, har gått hardt inn på dei to jentene. Då dei forstod at dei som bur der, ikkje har det så bra, bestemte dei seg for å gjera det dei kunne for å hjelpa.

Derfor gjekk dei inn for å gjera noko som dei har gjort før – nemleg å starta ein innsamlingsaksjon.

–  Me samla inn pengar til flyktningleiren Moria i Hellas, ved å selja t-skjorter i 2020. Då samla me inn til saman 65.000 kroner, og no ønskjer me å selja handlenett for å samla inn pengar til barna i Ukraina, seier Hedvig.

– Mange seier at netta er veldig fine

Hedvig (9) og Augusta Louise (8) har brukt mykje tid på å sitja på stand for å selja berenetta sine.

Til no har salet gått i ein forrykande fart.

Mindre enn ein månad etter at dei starta prosjektet, har dei selt meir enn 600 kvite og svarte nett, som er dekorert med #altblirbra og ein regnboge.

Jentene fortel at mange vil støtta opp om innsamlingsaksjonen, og at dei har fått mykje skryt for innsatsen dei legg ned.

– Berenett er noko alle treng, og så er dei miljøvenlege. Me har fått tilbakemeldingar om at me gjer ein god jobb og mange seier at netta er veldig fine, seier jentene.

Det er dei svarte netta som har selt best, men jentene har ein lur strategi for å få mest mogleg sal.

Donerer pengane til Redd Barna

–  Me pleier å sei at dei må kjøpa to stykke, eit i kvar farge, for då har dei eit til kvar anledning.

Sjølv om dei har selt 600 nett, har dei framleis mange igjen, og fortel at målet er 1000 selde nett.

Pengane dei samlar inn, skal dei donera til Redd Barna, som har fortalt Framtida Junior at alle pengane frå barn går direkte dit dei skal – altså til dei som treng dei mest.

– Me reknar med å ha samla inn ein god sum viss me sel alle netta. Men den samla summen veit me først når me har selt alle netta, seier jentene.

Hedvig og Augusta Louise tipsar om kva du kan gjera for å hjelpa:

  • Selg noko du eig og ikkje brukar lenger.
  • Gjer som oss, og trykk opp noko du kan selja. Eksempel er capsar eller handklede.
  • Lag vaflar og stell i stand ein vaffelbod.
  • Det er lurt å snakka med foreldra dine før du startar. Me har fått litt hjelp frå våre foreldre og frå lokale bedrifter som sel netta våre for oss.