Lagar fuglekassar for barna i Ukraina

Storm Sigmo Skipstad (11) snikrar eigne fuglekassar, malar dei i fargane til det ukrainske flagget – og gir alle pengane til Redd Barna sitt arbeid med krigsoffera i Ukraina.

Gode tilbakemeldingar: Storm har fått skryt av både lærarar og andre for prosjektet han har sett i gong. – Og så var eg i lokalavisa og i lokalradioen til NRK, det var kjekt, seier han.

– Det er gøy, og så kjennest det veldig rett.

Det seier Storm Sigmo Skipstad (11) til Framtida Junior, då han får spørsmål om korleis det kjennest å bidra for dei som er råka av krigen i Ukraina.

Han har nemleg tatt hammaren i eigne hender den siste månaden. Med god hjelp frå ein onkel i byggebransjen som ville donera materiale, og pappaen sin til sjølve bygginga, har han laga 40 fuglekassar som han har selt.

Dalane Tidende omtala denne saka først.

– Dei som er i Ukraina, treng pengar

– Eg hadde uansett tenkt at eg ville laga fuglekassar. Men så kom eg på at dei som er i Ukraina, treng pengar. Mange av dei er på flukt og i krig, seier Storm.

Storm er veldig opptatt av fuglar, og likar seg godt i naturen. Mellom anna har han bygd fleire hytter i skogen. At dette kunne kombinerast med litt business, passa han midt i blinken.

– Storm er ein liten business-mann. Han såg sitt snitt til å tena pengar på noko som han har laga sjølv, seier mamma Ragna Sigmo Skipstad.

– Det var skikkeleg gøy, seier Storm og smiler.

Les også: Barn har samla inn over ein million kroner: – Det er heilt fantastisk

Nesten alle på ein dag: 30 av fuglekassane, laga Storm og pappaen på ein enkelt dag. – Det som tek tid, er å måla fuglekassane i fargane til det ukrainske flagget, seier han.

Har samla inn 12.500 kroner

For å nå ut til nærmiljøet, la Storm plakatar i postkassane til naboane sine, og mamma Ragna la ut ein post på Facebook. Det skulle visa seg å fungera.

No har nemleg Storm selt alle dei 40 fuglekassane, og allereie er han i gang med ti til – fordi det har vore så god respons og stor givarglede.

– Eg har samla inn 12.500 kroner. Det er mykje pengar, seier Storm.

Han fortel at det er stor stas å sjå korleis arbeidet hans lyser mot han, når han bevegar seg rundt i nærmiljøet sitt. Og jammen treng han ikkje gå langt før han ser dei gule og blå fuglekassane.

– Berre når eg går ut døra, så ser eg ein av naboen, ein av bestemor, og ein rett borti gata. Det er veldig kult.