Norske barn har samla inn ein million kroner til Ukraina: – Heilt fantastisk

Aldri før har barn i Noreg samla inn så mange pengar, på så kort tid. Den nye rekorden grusar tidlegare rekordar hjå Redd Barna.

På litt over ein månad har norske barn samla inn nesten 1,1 millionar kroner til barn som er råka av krig i Ukraina.

– Det er heilt fantastisk, og nesten litt overveldande å sjå kor stort engasjementet er. Me har aldri sett noko liknande, seier Bertine Henriksen og Kristin Sommerseth til Framtida Junior.

Dei jobbar som rådgjevar i marknadsavdelinga og som medierådgjevar i Redd Barna, og fortel engasjert om den nye innsamlingsrekorden.

For å forstå kor mykje pengar det er snakk om, samlar barn i Noreg i gjennomsnitt inn 2,2 millionar kroner kvart år. No har halvparten av denne summen blitt donert på litt meir enn ein månad.

– Me har aldri sett noko liknande, og har aldri før fått inn så mykje pengar på ein månad. Det er heilt fantastisk.

Les også: Lagar fuglekassar for barna i Ukraina

Mange kreative idear

Halvparten av pengane er donert frå basarbarn. Det betyr at pengane kjem frå barna sjølv, og ikkje frå eit idrettslag, ein barnehage eller ein skule. Og kreativiteten vil ingen ende ta.

– Det er så mange kreative idear. Mellom anna veit me om ei jente som teikna teikningar og fekk dei donert vekk via mamma sin Facebook. Andre donerer vekk klede og leiker, og dette veit me sit langt inne hjå barn. Det seier rett og slett noko om empatien som finst, seier Bertine og Kristin.

Andre har laga bollebod, laga vaflar, eller gått frå hus til hus og bedt naboane sine vipsa pengar til Redd Barna.

Barna får med seg det som skjer

– Det er barn frå alle moglege plassar og i alle aldrar. Det er veldig gøy å sjå, seier dei.

Dei trur at både givargleda og engasjementet handlar om at barn i stor grad er blitt informert og involvert i krigen som føregår i Ukraina.

– Eg trur nok at ein krig som kjem så nært på oss, gjer at me kjenner det på kroppen. Barna i Noreg skjønnar at dei har hatt ganske like liv som dei ukrainske barna. Og plutseleg så var det ikkje slik lenger, seier Kristin.

– Krigen har også skapt diskusjonar i klasserommet. Skulane har tatt det meir inn i samtalen, fordi dei forstår at barna får det med seg, seier Bertine.

– Alle pengane går direkte dit dei skal

Redd Barna håpar at dagens situasjon kan vera med på at alle i større grad forstår kva krig, konflikt og flukt betyr.

– Det er fint at barna får ein moglegheit til å bidra. Dette gir håp, og desse barna er jo framtida. Hadde verda vore leia av dei, hadde me ikkje hatt denne krigen.

Og til dei som er usikker på om pengane dei donerer, faktisk når fram til dei som treng dei, er Redd Barna klar i sin tale.

– Me har ikkje lov til å ta administrasjonskostnader frå pengar som er samla inn av barn, så alle pengane går direkte dit dei skal. Me er veldig strenge på dette, og det er akkurat slik det skal det vera, seier Bertine.