Stiller opp for ukrainske barn på flukt – har samla inn tusenvis av kroner

Krigen i Ukraina kom nært på for elevane ved Hundeidvik Privatskule. No har dei gjort ein stor innsats for å hjelpa.

Stor givarglede: – Det er både lokale bedrifter, foreiningar og privatpersonar som har bidrege til innsamlinga utan om det elevane har hatt med seg heimanfrå, seier lærar Ingvild.

– Me synest at det som skjer i Ukraina er veldig dumt. Det er ein urettferdig krig, seier Adriana Lucia Svenkune (10) før Mari Utgård (10) raskt legg til:

– Russland har ikkje eigentleg nokon grunn til å laga krig i Ukraina. Dei vil berre ha tilbake alle landa.

Saman med Charlotte Hansen Welle Bay (10), Magnus Øyan Tusvik (10) og Gunnar Demdal Utgård (10), går dei i 5. klasse ved Hundeidvik Privatskule.

Dei siste vekene har klassen snakka mykje om situasjonen som går føre seg i Ukraina. Ord som skummelt og vanskeleg blir nemnt når Framtida Junior ber dei om å skildra kjenslene sine.

Les også: Utanriksministeren: – Ja, de er smartare enn Putin

Mange spørsmål om det som skjer

Pakkar: Her pakkar elevane veskene som skal sendast til barn i Ukraina.

– Fleire lurer på om krigen kjem hit, og kva atombomber er for noko. Det er viktig å fokusera på at me må snakka om det, og at det ikkje er skummelt for oss her i Noreg, seier lærar Ingvild Leichty.

Og sjølv om det ikkje er noko som tilseier at me bør vera redde for krig i Noreg, kom den likevel nært på for elevane i Hundeidvik. Dei har nemleg ein elev som kjem frå Ukraina.

– Skulen var kjapt ute for å gjera noko for å samla inn pengar, seier lærar Ingvild.

Elevar frå 6. og 7. trinn har laga vaflar, dei vil arrangera eit skuleløp og dei har påverka fleire lokale bedrifter til å donera pengar til det krigsråka landet i Europa.

Sist, men ikkje minst, har elevane gjennomført ein innsamlingsaksjon der dei har samla inn mykje forskjellig dei skal senda til Ukraina.

Les også: Blir du redd av det som skjer i nyheitene? Desse ekspertane kjem med tips

– Me klarer sikkert å hjelpe enda meir

– Alle elevane fekk med seg to plastposar heim, som dei kunne fylla med leiker og klede til barn på sin eigen alder, seier Ingvild.

Alt som er samla inn, er fordelt i vesker som dei fekk sponsa av ei lokal bedrift. Veskene, som er dekorert med Ukrainas nasjonalblom, viser elevane stolt fram til Framtida Junior.

Det er godt å hjelpa, synest elevane ved Hundeidvik.

– Eg synest at me har hjelpt veldig masse allereie, og me klarer sikkert å hjelpe enda meir, seier Adriana.

Selde vaflar: 6. og 7. trinn ved Hundeidvik Privatskule laga, steikte og selde vaflar til dei tilsette ved ein lokal møbelfabrikk. Inntekta går til GiGlede.

Tips til korleis du samlar inn pengar til Ukraina:

  • Snakk med lærarane dine og be om hjelp.
  • Lag noko du kan selja. Eksempel er armband i fargane til det ukrainske flagget.
  • Du kan gjera husarbeid.
  • Du og klassen kan arrangera basar.
  • Skulen kan arrangera skuleløp.