Kven synest du fortener Barnerettighetsprisen 2025? | Framtidajunior.no

Kven synest du fortener Barnerettighetsprisen 2025?

FEKK PRIS I FJOR: Katrin Glatz Brubakk fekk prisen i fjor for sitt engasjement for barn på flukt. Foto: Vidar Ruud / NTB

Prisen går til nokon som har gjort noko veldig bra for barn, anten i Noreg eller i andre land. Det kan vera ein person, ei gruppe, ein skule, ein organisasjon eller nokon som jobbar i ei bedrift.

I fjor fekk barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk prisen for det brennande engasjementet ho har for rettane til barn på flukt.

Alle barn i verda har dei same rettane. Det står i noko som heiter FNs barnekonvensjon. Der står det at alle barn har rett til å vera trygge, få gå på skule og få det dei treng for å leva.

Redd Barna vil gjerne få inn forslag frå barn. Kjenner du nokon som gjer noko viktig for barn? Nokon som hjelper barn å få det betre? Då kan du senda inn eit forslag her!

Fristen er 12. juni 2025.

Kva meiner du?

0 svar

Kor mange innspel fekk Barnas klimapanel til årets Barnas klima- og miljørapport?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir