FN-toppmøte om klima i New York

Pandemien sette ein stoppar for FN si 75 års markering i fjor, men i år trassar 80 statsleiarar koronaviruset for å møte opp i FN sitt hovudkvarter i New York. Noregs statsminister og utanriksminister er også på plass.

Denne gongen skal det store FN-møtet handla om berekraft, korona og klima.

– Eg opplever at klima er det mest påtrengande for augneblinken fordi vi har eit utsett toppmøte som skulle vore halde i fjor, sa statsminister Erna Solberg til NRK.

Ho og utanriksminister Ine Eriksen Søreide kom fram til New York sundag kveld for å delta på dei viktige møta.