Kinesisk språkdag: 6 ting du ikkje visste om kinesisk

Kinesisk er eitt av dei seks offisielle språka i FN og blir årleg markert med ein internasjonal kinesisk språkdag 20. april.

FN har seks internasjonale språkdagar for kvart av dei offisielle FN-språka. Desse blir markert for å feire fleirspråklegheit og kulturelt mangfald. 

Fransk språkdag er 20. mars, spansk og engelsk språkdag er 23. april, russisk språkdag er 6. juni, arabisk språkdag er 18. desember og kinesisk språkdag er i dag 20. april.

Datoen for den kinesiske språkdagen markerer også dagen for å heidre Cangjie. Det er ein figur som ifølgje kinesiske mytar skal ha funne opp kinesiske teikn for omkring 5000 år sidan. Mytar er forteljingar om gudar og/eller overnaturlege vesen og hendingar.

CANGJIE: Den mytiske personen som fann opp det kinesiske skriftspråket. Illustrasjon: http://classes.bnf.fr/dossiecr/my-chine.htm / Wikimedia commons

Her er seks ting du kanskje ikkje visste om det kinesiske språket:

1Kinesisk er eit samleomgrep for ei rekkje ulike dialekter

Kinesisk språk, ofte snakka om som mandarin, består av ti dialektgrupper med til saman hundrevis av dialekter. Desse dialektene kan vere svært ulike – faktisk like ulike som norsk og tysk.

2Over ein milliard menneske pratar kinesisk

Kinesisk er det språket i verda flest personar har som morsmål.

3Teikn i staden for bokstavar

I kinesisk blir det ikkje brukt alfabet slik som i norsk. I staden har dei over 80 000 teikn, der kvart teikn er bilde på ei staving eller har ei heilt eiga betydning. I kvardagen bruker ein heldigvis berre rundt 2500 teikn.

4Same ord kan bety ulike ting

Ordet «ma» kan bety «mamma», «hest» eller noko heilt anna – alt ettersom korleis ein seier det.

5Ingen bøying av verb

På kinesisk endrar ikkje verb seg etter tid. Dette skil seg frå norsk der vi bøyer verb etter tid, til dømes «eg pratar» og «eg prata». På kinesisk bruker ein i staden det same ordet i ulike samanhengar. Slik forstår ein når ei handling skjer.

6Enkelt å lære seg kinesiske tal

Når du kan tala 1 til 10 på kinesisk, kan du også tala frå 10 til 100. Ein set nemleg berre saman tala frå 1 til ti for å seie dei høgare tala. Til dømes er 11 er «ti-to» og 45 er «fire-ti-fem».

Kjelder: Store norske leksikon, Vesle norske leksikon og Wikipedia.