11-åringane bidreg til viktig klimaforsking: – Ikkje ei moglegheit du får kvar dag

Elevane har dekorert små trebåtar, som i selskap med forskarar frå Nansensenteret, skal reisa langt inn i isen i Arktis. Tida vil visa kvar båtane endar opp.

Visste du at?
  • Dei siste tiåra har isen smelta meir kvar sommar, enn det den har vokse om vinteren. Sidan 1979 har sommarisen i Arktis krympa med to tredjedeler.
  • Klimaendringane gjer at isen smeltar. På ytterpunkta av jordkoden, altså i Arktis og Antarktis, veks temperaturen to til fire gonger raskare enn gjennomsnittet for jorda.
  • Mindre havis i Arktis fører til alvorlege konsekvensar for dyra som har tilpassa seg eit liv på, i og under isen gjennom tusenvis av år. Isbjørnen er ein av desse dyra.
  • Forskarane trur at det arktiske havet i løpet av 30 år vil vera så og seia isfritt om sommaren.

Kjelde: WWF

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er kult å tenkja på at den båten eg har halde i handa, skal plasserast på Nordpolen, seier Tuva Holstad (11).

– Det er kjekt å vera med på ei så spennande forskning. Det er ikkje ei moglegheit du får kvar dag. Og så er det gøy at eg har sendt ein Aksel-båt til Nordpolen, seier Aksel Seljeset Johannessen (11),

Saman med Kristian Kjenes Sjursen (10), Alma Rocio Posserud Glenjen (11), Thea Cecilia Dillekås (11), Emilie Vange (11) og dei andre i Klimaklubben på Landås i Bergen, har dei bidratt til viktig klimaforskning som skal skje i haust. Dei har nemleg dekorert trebåtar som skal brukast til forskning i Arktis.

Les også: Forskar: – Båtane er på veg til Arktis

Dekorerte: Elevane fortel at dei teikna fritt på den eine sidan av båten, medan dei teikna logoen til Klimaklubben på den andre sida. Klimaklubben på Landås skole er barn som gjer noko bra for klima eller natur. Frå venstre: Emilie Vange (11), Alma Rocio Posserud Glenjen (11) og Tuva Holstad (11). Foto: VilVite
Klimaklubben: Thea Cecilia Dillekås (11) viser fram båten ho har laga saman med Emilie Vange (11), Alma Rocio Posserud Glenjen (11) og Tuva Holstad (11). Foto: VilVite

– Eit veldig viktig klimaprosjekt

Forskarar frå Nansensenteret reiser no langt inn i isen i Arktis. Om nokre veker skal trebåtane plasserast på eit stort isflak, saman med ein sendar som viser plasseringa. Målet med forskinga er å samla inn informasjon om kor fort isen rører på seg, og kor fort den smeltar.

– Dette er eit veldig viktig klimaprosjekt om klimaforskning, seier Alma Rocio Posserud Glenjen (11).

Når isen driv, smeltar den. Etter kvart vil båtane flyta ut på havet. Når dette skjer, er det ikkje lenger mogleg å spora båtane. Likevel kan nokre av dei plutseleg dukka opp ein plass langt vekke.

Elevane på Landås er veldig spent på kor nettopp deira båtar endar opp til slutt.

– Dei kan jo enda opp kor som helst. Kanskje kjem dei seg heilt til New Zealand?