Penelope Lea (17): – Det er feil og farleg at vaksne mobbar barn og unge

Penelope Lea opplever stadig hets og mobbing frå vaksne for sitt klimaengasjement. – Dersom vi aksepterer det får desse folka makt. Då beskyttar vi deira rett til å mobba i staden for å beskytta barn og unge sin rett til å uttrykka seg, seier ho.

Sidan ho var 8 år har ho stått stødig i kampen for at verdas politikarar skal ta klimakrisa på alvor. Då ho var 15 år blei ho UNICEF sin ambassadør for klima og berekraftig utvikling, og det er ho framleis.

– Det er farleg og gale at nokon mobbar barn og unge som engasjerer seg, seier ho.

Før las ikkje Penelope kommentarar.

– Men, no les eg dei. Eg har god støtte rundt meg. Det gjer at eg toler å stå i det, men det betyr ikkje at det er greitt at vaksne folk spreier hat og hets, seier ho.

Vi skal ikkje akseptera det

– I byrjinga tenkte eg at mobbing, hat og hets er noko eg må akseptera fordi eg er synleg og engasjert. Men, det blir heilt feil. Kva er det vi aksepterer då, viss vi tenkjer slik? Det er ikkje noko vi skal måtte tole.

Penelope er redd mange unge ikkje vågar å kasta seg ut i viktig arbeid for klima.

– Vi mister mange unge stemmer fordi det er for vanskeleg å stå i hat og hets. Då mister vi også krefter og stemmer som samfunnet vårt sårt treng no. Vi må for at det blir tryggare for barn og unge å ytra seg, seier ho.

Må vera lett å melda

Erfaringa til Penelope viser at media har eit stort ansvar.

– Det kjem mykje hets fordi media set ting på spissen og lagar overskrifter som skal selja aviser. Mange er heller ikkje gode nok på å passa på kommentarfelta.

Penelope er oppteken av at politiet får meir pengar til å ta tak i sakene som blir meldt til politiet. Og at dei gjer det lettare å melda ifrå.

– Då viser også dei tydeleg at det ikkje er lovleg å halda på slik, seier ho.

– Til barn og unge som strevar med mobbing og hets vil eg seie at eg veit kor tungt det kan vera. Stemma di betyr noko, og du har rett til å bruka den og bli høyrt. Viss det blir vanskeleg å stå i det åleine, kontakt organisasjonar eller andre som kan hjelpa deg. For meg har det blitt viktig å «aktivera det gode» i møte med hat og hets, slik at det følest større.