Kampanje i sosiale medium stoppa songforbod

Utdanningsbyråd meinte syngjande skulejenter kunne vera freistande for mannlege lærarar. Då han ville forby song, starta afghanske jenter ei kampanje i sosiale medium.

Kunnskapsbyrådet i Kabul i Afghanistan, kom nyleg meg eit forslag om at ingen jenter over 12 år skal få syngja på skulen.

Deretter balla det på seg, og førre veke melde kunnskapsministaren at heller ikkje gutar får lov å syngja, skrik NRK.

«#IAmMySong»

Forbodet vart møtt med eit stort opprør i sosiale medium – afghanske jenter ville ikkje mista retten til å syngja.

Derfor tok dei til sosiale medium. Fleire har lagt ut videoar av seg sjølv, medan sei syng populære songar. Videoane er tagga med «#IAmMySong»

Opprøret hjalp

Mange fryktar at landet er på veg tilbake til slik det var då Taliban hadde styringa.

I tida før 2001, då Taliban styrte landet, var all musikk forbode og jenter hadde få moglegheiter for å gå på skule.

Opprøret i sosiale medium hjalp, og laurdag kom uttalte det afghanske kunnskapsdepartementet seg på nytt. Denne gongen sa dei at «forbodet mot song reflekterer ikkje vår politikk og vårt standpunkt».