Regjeringa føreslår å fjerna song frå norskfaget

Først fjerna regjeringa songen frå den overordna delen av læreplanane. No føreslår regjeringa å fjerna songen frå norskfaget også.

– Det blir kaldt i skulen utan songen, seier musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold.

Regjeringa fjerna song frå den overordna delen av læreplanane hausten 2017. Dette trass i klare åtvaringar frå forskararMusikk i skolenNorsk Musikkråd og opposisjonen.

utkastet til nye læreplanar føreslår regjeringa å fjerna song også frå det nye norskfaget som skal gjelda frå hausten 2020. No kan det bli valfritt for norsklærarar i barneskulen om det skal syngast eller ikkje.

– Dette er vettlaust, og tar ikkje omsyn til korleis barn lærer. Barn lærer gjennom menneske, og gjennom song. Eg blir veldig lei meg når eg høyrer dette, seier pensjonert professor i musikkvitskap Jan-Roar Bjørkvold til Framtida.no.

Vil du ha meir song i skulen?

Vil du ha meir song i skulen?

Ja57
Nei44
Veit ikkje22
Vi syng for lite5
Vi syng mykje6
Svar totalt: 134