Popmusikken har vorte tristare

Britiske forskarar har sett på kva ord som har vorte mest brukt i engelskspråkelege poplåtar dei siste 50 åra.

Resultatet frå analysa dei har gjort viser at popmusikken har vorte tristare, skriv Forskning.no.

Det har vorte mindre «love» og meir «hate».

Bruken av ordet «love» har halvert dei siste 50 åra.

På illustrasjonen ser du kor ofte orda «love» og «hate» har vorte brukt i songtekstar frå 1975 til 2015.

Foto: Acerbi, Brand og Mesoudi, 2019