Lamin og Jo meiner det er viktig å vise fram song og dans frå heile verda

Barna som er med i Fargespill lærer songtekstar og dansesteg frå mange kulturar.

Fargespill er namnet på eit prosjekt som hadde si første framsyning for 20 år sidan. I dag finst det grupper over heile Noreg, frå Alta i nord til Kristiansand i sør. Alle kan bli med i Fargespill, så lenge du har lyst til å stå på ein scene og er nysgjerrig på song og dans frå mange land.

Det kjekkaste er alle vennene

Når Framtida Junior kjem på besøk ein varm maiettermiddag, øver barna til ei framsyning dei skal ha under Festspela i Bergen. Lamin Lamran Barrie (11) skal stå på scenen då. Ein av dei nye songane Lamin har lært, er «Shillimii» frå Etiopia.

– Mora til ei i gruppa har laga den songen sjølv. Ho og dottera syng den og dansar ein tradisjonell dans. Når dei gjer det, er vi andre også med på det, fortel Lamin.

Favorittsongen hans er «Kuduro», som artisten Miss Tati har laga.

– Eg liker songen så godt fordi det er eit fellesnummer der alle dansar. Så har vi ein dansesirkel der ein eller to eller tre går fram og viser kva dei kan, seier Lamin.

MED I TO ÅR: Lamin har sunge og dansa i Fargespill i nesten to år. Foto: Synne Ulltang

Ein annan som deler favorittsong, er Jo Røen-Thormodsæter (10).

– «Kuduro» er ein favoritt fordi det er veldig hyggeleg dans og musikk. Så er det ein dansering på slutten, og då kan alle vere med og hype kvarandre. Det er ei bra avslutning, meiner Jo.

Begge gutane er einige om at det kjekkaste med å vere med i Fargespill, er alle vennene dei har fått.

– Det kjekkaste er samhaldet og folka som er her, seier Jo.

FEKK TIPS OM Å BLI MED: Jo kjente nokon ungdommar som hadde vore med i Fargespill. Foto: Synne Ulltang

Viktig å vise fram songar og dansar frå mange kulturar

Jo skal snart rappe solo for aller første gong.

– Eg føler meg litt spent og er klar for å gi alt. Eg skal prøve å gønne på, seier han.

Når han står på scenen, vil han gi alt.

– Eg føler meg glad og eg vil gi alt og berre imponere publikum. Eg vil vise dei at «Her er Fargespill», smiler Jo.

Både Jo og Lamin meiner det er viktig å vise fram songar og dansar frå mange kulturar.

– Når alle er med på ein song og kan den, så er det ingen som seier «Denne songen er betre enn den andre». Vi får kjenne på korleis det er for andre, meiner Lamin.

– Folk kan sjå songar frå land som for eksempel Sør-Korea og Nigeria, og så kan dei tenke «Oi, er det sånn dei har det». Eg synest det er veldig fint å få vere med på å vise fram andre kulturar, fortel Jo.

FAVORITTAKTIVITETEN: Lamin liker best å danse. Foto: Synne Ulltang