Tal frå Verdas helseorganisasjon og FNs barnefond viser at rundt 3 milliardar menneske i verda ikkje kan vaske hender i reint vatn, skriv Munin.buzz.no.
Karen Hækkerup er generalsekretær i danske Unicef. Ho meiner det blir vanskeleg å hindre smitte av koronaviruset mellom folk utan tilgang til rein handvask.
- LES MEIR: Brødskiveeksperiment: Viser at god handvask er viktig
- LES MEIR: Barn er flinke til å vaske seg
– Det er ein uhyggeleg tanke. Dette gjeld fattige land som har problem med reint drikkevatn, toalett og vatn i det heile, seier ho til Munin.buzz.no.
Flere har fått tilgang til vatn
Utviklinga går heldigvis i rett retning. Dei siste 20 åra har nesten 2 milliardar fleire menneske fått tilgang til reint drikkevatn.
Det var NTB som fyrst omtala saka.