WHO ser slutten på pandemien

Verdas helseorganisasjon (WHO) trur me snart kan pusta letta ut, og returnera til eit normalt liv.

Dei har nemleg uttalt at Europa no går inn i ein periode der me har «våpenkvile» med koronaviruset. Det melder nyheitsbyrået AFP.

WHO sin europadirektør, Hans Kluge, seier at Europa snart vil gå inn i ein god periode, og at den vil bli dominert av det kan kallae «sinnsro». Grunnen er at mange no har fått vaksine, at okikron-varianten av koronaviruset er mildt for dei aller fleste og at vinteren no går mot slutten, skriv NRK.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under barnas pressekonferanse 15. desember 2021. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

Fleire land opnar opp

Dermed blir det rolegare tider og meir normal kvardag for dei aller fleste i Europa i tida som kjem.

I Noreg, som i fleire andre europeiske land, har politikarane denne veka opna opp for ein meir normal kvardag. Då statsminister Jonas Gahr Støre hadde pressekonferanse tysdag denne veka, sa han at me no har kome til ein plass der me kan fjerna mange av smitteverntiltaka me har levd med i vinter.

Han fortalde at grunnen er at omikron gir mindre alvorleg sjukdom og at mange har tatt vaksinen.

– Derfor kan me i dag langt på veg opna opp. Me kan opna opp sjølv om smitten stig raskt, sa Støre.

Les også: Omikron kan bety slutten på korona-pandemien i Europa